Reagerer på 70-årsgrense for valmedarbeidarar

Eldreombodet er kritisk til at Bergen kommune ikkje lar personar over 70 år vere valmedarbeidarar. Vi utfordrar kommunen til å gjere om vedtaket før neste val. 

PUBLISERT:
27.05.2021
OPPDATERT:
11.06.2021

 

Eldrerådet i Bergen har kontakta Eldreombodet fordi kommunen har sett ei øvre aldersgrense ved 70 år for å kunne bidra som valmedarbeidar. 

Vi har no sendt eit brev til Bergen kommune om saka. Vi ber kommunen ta vekk denne aldersgrensa før neste valg. 

I MEDIA: Les om reaksjonen vår i Bergensavisen (for abonnentar)

I MEDIA: Les reaksjonen vår i ei sak om det same temaet i Avisa Oslo.

I brevet minner vi om at kommunen frå før har vedtatt at «eldre er ein ressurs som bør nyttast i ulike samfunnsoppdrag.» 

Å innføre ei grense ved 70 år er paradoksalt fordi samfunnsutviklinga både gir høgare levealder og lengre yrkesliv enn før, skriv vi i brevet. 

Les meir om saka og last ned brevet