Finansdepartementet har vedtatt ei ny forskrift som pålegg bankane å la kundane bruke kontantar.
Dette er både viktig og nødvendig. Mange eldre treng framleis kontantar, men ikkje alle har fått tatt ut kontantar frå banken sin.
I MEDIA: Les meir om våre synspunkt i saka hos vi.no.
Framleis ei viktig betalingsform
«Sjølv om stadig færre transaksjonar blir gjennomførde med kontantar, er dette ei viktig betalingsform for mange eldre», skreiv Eldreombodet då forslaget til forskrift var på høyring.
Regjeringa legg seg på den same linja med forskrifta som no blir innført:
«Sjølv om dei fleste betalingar skjer med elektroniske løysingar i dag, har kontantar framleis ei viktig rolle. Det er mange, spesielt eldre, som framleis brukar kontantar i kvardagen», seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum i ei pressemelding om den nye forskrifta.